Foto: Kristoffer Clausen (KC Hunting)

jakt

Skjøt elg på nesten ett tonn

Sjekk ut den elgen!

Publisert

- Ikkje skyt! Den er for liten!

Guiden som er med Anders Tveito og jaktfølget i Canada har gitt klar beskjed, dei må la svartbjørnen dei har jakta på heile denne kalde og våte dagen få gå i fred, skriver Firda

Innesperra

Jakthundane bjeffar som besett, tente og gira. Alt har gått som planlagt. Anders og jaktfølget spora opp svartbjørnen ved hjelp av GPS på hundane. Dei har greidd å komme seg i forkant av bjørnen, klar til å skyte den. Problemet no er berre at dei er innsperra i ei ur utan fluktmoglegheiter – og den canadiske guiden gir dei ikkje lov til å skyte. Dyret er for lite. Den går nok sin veg, dette går bra, meiner han.

- Skyt, skyt

Anders er ikkje like sikker. Svartbjørnen kjem labbande mot dei, gjer ikkje teikn til å stikke av. Liten kanskje, men den kan bite ifrå seg den også. To- tre meter unna ombestemmer guiden seg:?

– Skyt, skyt! ropar han!

No er bjørnen så nær at Anders slit med å sjå den i siktet. Han held rifla litt på sida, og så smell det:?

–Skotet gjekk rett i hovudet på han, han datt med ein gong, seier den snart 26 år gamle jegeren frå Brendsdal i Hyllestad.

Anders har vore på bjørnejakt i Canada i 2012 og 2013. Her med den største ruggen på omlag 100 kilo.

Her kan du se video av Anders Tveito og andre jaktere jakte.

 

Foto: Kristoffer Clausen (KC Hunting)

110 hjort på ti år

Anders elskar jakt. Kjensla av meistring når han feller dyret så humant og vellykka som mogleg. Fridomskjensla av å vere ute i skogen. Stilla. Fuglekvitteret. Alle dyra og fuglane. Spenninga. Kjensla etter å ha sete på post i timevis, forfrosen og lei av alt, før dyret plutseleg dukkar opp og dett for skotet ditt, og du føler at livet ikkje kan bli betre enn akkurat no.

Sogningen har så å seie fått jakta inn med morsmjølka. 110 hjort har 26- åringen skote sidan han for ti år sidan felte den aller første fjordkolla frå ei lita jakthytte i lag med faren John Helge. Minnet sit sterkt i:?Den fine haustdagen det var så lytt at faren meinte dei ikkje hadde sjanse til å få fangst. Hjartet som slo som besett når hjorten dukka opp og datt så tungt i marka. Roen som senka seg etter kvart ute i skogen. Og så fullmånen som kom opp over Bømarka denne kalde septemberkvelden.

Aldri negative kommentarar

Fugl, rev, sel, svartbjørn, elg og eit utal med hjort har sogningen på merittlista. Men det er ikkje nødvendigvis dei største og farlegaste rovdyra som skapar den største spenninga.

– Den mest spennande jakta kan likså godt stamme frå fellinga av ein liten hjortekalv. Det er stemninga i forkant som avgjer, seier Anders.

Han veit godt det finst ulike meiningar om jakt og alle dei som ikkje kan forstå lidenskapen.

– Eg kan godt ta ein diskusjon om temaet, må då må det vere med saklege argument. Eg har aldri fått negative kommentarar om hobbyen min, seier 26- åringen.

Sjølv peiker han på den viktige forvaltninga som ligg i hjortejakt.

Tolmodig kjærast

Utanom jakta jobbar 26-åringen på Marine Harvest sitt anlegg i Brendsdal. Han trenar ein del og er saman med vener og kjærasten.

– Ho er veldig tolmodig med meg, for ho veit kor viktig jakta er for meg, seier Anders.

For kvar einaste ledige tid går med til hobbyen. Så lenge det er dagslys eller månelys, er han på pletten.

– Det går med ein del tid til førebuingar også, eg er ute i terrenget og gjer meg kjent. Finn gode postar og ryddar skog der det trengst for å få best mogleg sikt. Dessutan ladar eg mine eigne skot, det tek også ein del tid, fortel 26- åringen, som jaktar både i Hyllestad og fleire andre kommunar i fylket.

Felte gigantokse

Langt inne i skogen nord i British Columbia, Canada, der knapt eit menneske har sett sine bein før, veks elgoksane seg store og majestetiske. Her kan elgane bli dobbelt så store som dei norske. Dette lokka Anders og jaktfølget hans heilt hit.

Etter halvanna time i sjøfly og åtte timar på hesteryggen, er dei framme i jaktterrenget. Dei første dagane skyt dei andre i følget kvar sin elg. Anders har fått ingenting. Så er dei inne i sin tolvte og siste dag i villmarka. Anders kjenner småpanikken komme krypande.

– Å komme heim utan noko som helst hadde vore eit nederlag, berre ein liten kalv hadde vore supert, seier Anders frå heimen sin i Brendsdal.

Geviret gav ny rekord

Dei har speida lenge. Sit der med kikkerten, men ser berre villmarka med elvar, fjell og skog. Det er iskaldt, det både snør og regnar.

Men endeleg er den der i kikkertsiktet, kongen dei har venta på. Dei prøvar å lokke på den, og ei stund ser det ut til at elgoksen er på veg rett mot jegerane. Men så stoppar han opp. Anders nyttar sjansen, og ståande på om lag 220 meters avstand jallar skotet i villmarka. Borrar inn i bogen på dyret og gjer med det slutt på alt. Anders kjenner hjarte hamre, går med spente steg mot elgen, veit ikkje heilt kva han har i vente. Men så ligg byttet der framfor han. Og det er enormt.

Om lag 900 kilo og med ei slaktevekt på 450 kilo er oksen eit imponerande syn. Like imponerande er kor grovt geviret er: På det smalaste rundt gevirstonga er den 21,6 cm i omkrets, noko som viste seg å vere ny rekord her, fortel Anders.

Hundrevis av kilo blir partert og frakta tilbake til basen på hesteryggar. Anders er i lykkerus.

Action på bjørnejakta

Anders har felt totalt to svartbjørnar under to andre turar til Canada, den minste på om lag 50 kilo og den største på om lag 100 kilo.

Fleire av jaktturane til Anders er festa på film av Kristoffer Clausen, som gir ut jaktfilmar og jaktbøker.

Bjørnejakt er veldig actionprega, fortel 26-åringen.

– Du må vere veldig på hogget heile tida. Du veit at dei kan bite godt frå seg for å seie det sånn.

Etter at hundane har spora opp bjørnen, finn jaktlaget dyret ved hjelp av GPS på hundane.

Til sjukehus etter bjørnebitt

– Hundane går rett på, dei er så gira og tente. Av og til går dei så nært at bjørnen får tak i dei, men då hoppar dei andre hundane på. Dei gir seg ikkje før bjørnen slepp taket. Ofte får dei store kjøttskader eller blir drepne i slik jakt.

Heilt ufarleg er jakta heller ikkje for dei tobeinte:I jaktlaget hans blei ein av karane biten i kneet av ein bjørn, og det hender guidar må til sjukehus etter bjørnebit.

Den magiske hjortejakta

Sjølv om jaktturar til Canada og Sverige er minnerike og spesielle, så er det likevel noko eige med hjortejakta i heimkommunen Hyllestad og andre stader i fylket. Med startskotet for hjortejakta berre dagar unna, kjenner Anders det i heile seg. Han kan slite med å sovne om natta, berre kjenne på kor mykje han gler seg. Det er nett som det er noko spesielt med lufta desse dagane seint i august, som at den dirrar av spenning den også framfor det som snart skal skje.

– Det er noko magisk med hjorten, den er så var og rask, seier 26-åringen.

55 hjort på 55 skot

Han skyt for fleire grunneigarar i nærområdet. Dei får kjøttet, han får spenninga. Ein god bytehandel, synest han.

– Eg går dei fleste typar jakt, mellom anna posteringsjakt, snikjakt og drivjakt. Eg går både åleine eller i lag med fleire, men det aller kjekkaste er å gå i lag med fatter’n, seier 26- åringen.

– Vi er som erteris, supplerer John Helge og smiler. Han fortel at sonen er ein dyktig jeger.

Året rundt trenar Anders mykje på skyting, og har merkar at dette gir resultatet: Dei siste 55 hjortane han har felt har han brukt 55 skot.

– Eg kvir meg ikkje for å bruke skot nummer to, men trygg jakt er svært viktig. Difor trenar eg året rundt for å vere best mogleg, seier sogningen.

Etter hjortejakta er over står villsvin- og dådyrjakt for tur i Sverige i februar. Afrika og meir eksotiske dyr står for tur i april.

Sjekk jakttidene for ulike dyr på lovdata sine nettsider.

Les flere saker fra Firda her. 

blogg.no

Side3 Bildeshout

Promotion

Dette er blogginnlegg fra blogg.no hvor bloggerne har kjøpt seg plass her på forsiden av Side3.no gjennom bildeshout.
Dette er tilgjengelig for alle bloggere på blogg.no.