Foto: Svend Arne Vee (Firdaposten)

Jenny vil stoppe hjortejakta

NOAH meiner tidlegjakt på hjort er brot på dyrevelferdslova.

Publisert

(Firdaposten.no): Tidlig hjortejakt bør stoppast ut frå dyrevernsomsyn. Det meiner Jenny Berg Rollnes og dyrevernorganisasjonen NOAH.

Hjortejakta starta måndag 1. september, og dette er tredje året med jaktstart 1. september på hjort. Tidlegare starta jakta den 10. september. No meiner NOAH at styremaktene må stoppe jakta, fordi den nye jakttidsstarten er heilt på kollisjonskurs med dyrevelferdslova, som set forbod mot at dyr skal hamne i hjelpelaus tilstand.

Les også: Vil ha slutt på småviltjakta

Jegerane blir prioritert

- No opnar hjortejakta på eit tidspunkt når mange kalver er svært små, konstaterer NOAH, som meiner jegerinteressene har overskugga for viktige prinsipp nedfelt i lov.

- Dette burde vore stoppa av dyrevernsomsyn allereie på planleggingsstadiet. Men det er aldri for seint å snu, seier Jenny Rolness i NOAH.

NOAH protesterte iherdig og forsøkte også å få Mattilsynet på bana då dei nye jakttidene skulle fastsetjast for tre år sidan.

Kalvane ligg att i skogen

- Ei ny forskrift skal ikkje kome i konflikt med eksisterande, og Mattilsynet kunne ha forhindra tidleg jaktstart ved å slå i bordet med dyrevelferdslova. Men det gjorde dei ikke, dei sette si lit til at jegerane ikkje med viten og vilje vil skyte mordyr frå kalv. Men tidleg jaktstart gir stor risiko for at jegerar ufrivillig skyt kolla frå kalven, då små kalvar kan ligge i skjul medan mora beiter eller blir driven mot jaktposter under drivjakt, hevdar Rollnes.

Ber styremaktene gripe inn

NOAH vil no ha ansvarlege styremakter til å stoppe eit jaktregime dei meiner både er lovstridig og uetisk.

- Det skal ikkje ikke jaktast på dyr i yngletida. Det er blitt observert kalvar med flekkar så seint som ei veke før jakta. Hjortens yngletid er enno ikkje over, likevel er jakta i full gang. Dersom dyrevelferd skal vere meir mer enn tomme ord på papiret må dette stoppast, krev Jenny Rolness.

- Kor lenge bør ein utsetje jaktstarten?

- Ein månad eller lenger, seier Rolness, som vedgår at NOAH prinispielt er i mot jakt og utnytting av dyr. Men dei innser at det er vanskeleg å forby jakt, så lenge det heller ikkje finst ein naturleg bestand av rovdyr som kan regulere bestanden.

Men NOAH får ikkje særleg støtte frå eksperthald.

Ti dagar betyr lite

- Eg er overtydd om at jaktstart 1. september kontra 10. som før, har lite å seie for dyrevelferds-perspektivet. Men det handlar om at jegerane må vere årvakne og gjerne observere hodyr ei god stund før dei eventuelt skyt. Normalt sett vil kalvane no vere så store at dei følgjer mora på beite på denne tida. Og er ein usikker er det berre å vente med kollene, og heller konsentrere seg om ungdyr. Vi skyt altfor lite unge koller i forvaltninga, seier Johan Trygve Solheim ved Norsk Hjortesenter på Svanøy.

Han slår også eit slag for å starte tidlegjakta med bukkeskyting.

- Generelt må ein spare på bukkar i alle årsklassar. Men har ein god bukkebestand kan ein gjere eit forsiktig uttak av slike tidleg i jakta, seier Solheim.

Les flere saker i Firdaposten her.

blogg.no

Side3 Bildeshout

Promotion

Dette er blogginnlegg fra blogg.no hvor bloggerne har kjøpt seg plass her på forsiden av Side3.no gjennom bildeshout.
Dette er tilgjengelig for alle bloggere på blogg.no.