<b>TEST AV KIKKERTSIKTE: </b>Swarovski Z8i 1,7-13,3x42 kommer godt ut i denne testen og egner seg godt til storviltjakt.
TEST AV KIKKERTSIKTE: Swarovski Z8i 1,7-13,3x42 kommer godt ut i denne testen og egner seg godt til storviltjakt. Foto: Jørund Lien

Test av Swarovski Z8i 1,7-13,3x42

Toppsikte!

Kva er mest viktig når ein skal velje kikkertsikte til storviltjakt – er det synsfelt, optikk, lysstyrke, retikkellys, kulebanekomp eller låg og høg nok forstørring?

Publisert Oppdatert

Swarovski Z8i 1,7-13,3x42 er mellomstørrelse i Z8 serien frå Swarovski, og kan det meste av alt. Sjølvsagt har Z8 1-8 større synsfelt på minste forstørring, og nye 0,75-6 endå større, men Z81,7-13,3 har heile 25,2 m synsfelt på 100 meter, eller 2,52 meter på 10 meter skyteavstand.

God nok i skumring og grålysning

Stort nok til kjappe griseskot på drivjakt for dei fleste. For å vurdere vilt i dårleg lys er kombinasjonen av høg nok forstørring og god nok optikk viktig. Med 42 mm objektiv er ikkje Z8 1,7-13,3x42 best i klassen, men optisk er den likevel så god at dette er eit godt brukande sikte i skumring og grålysning, og 13,3 som høgste forstørring er nok til storviltjakt.

<b>KIKKERTSIKTE FOR STORVILTJAKT:</b> Swarovski Z8i 1,7-13,3x42 er et godt egnet kikkertsikte for storviltjakt.
KIKKERTSIKTE FOR STORVILTJAKT: Swarovski Z8i 1,7-13,3x42 er et godt egnet kikkertsikte for storviltjakt. Foto: Jørund Lien

At lys i retikkel er ein fordel både i skumring og for kjappe skot på drivjakt er vel alle som har jakta med belyst retikkel einige i, og med justeringsområde frå 0 til 32 på nattstilling og 33 til 64 på dagstilling, bør det vere råd å justere retikkellyset langt nok ned i styrke til å ikkje blende jegerauga i nattas mulm & mørkre, og opp til sterkt lysande prikk for drivjakt. Særleg det å kunne justere retikkellyset tilstrekkeleg svakt er viktig, noko som slett ikkje alltid er mogeleg i reimelege kikkertsikte.

Automatisk

For Z8 er det slik at retikkellyset slår seg av automatisk etter tre timar utan justering av lysstyrke når lyset står på dagstilling, og etter fem timar på nattstilling. Og Swarolight hjelper til med å spare batteri ved å automatisk slå av retikkellys når siktet/rifla peker 70 grader opp eller ned, og om siktet er kanta 30 grader i side.

Testsiktet er utstyrt med FLEXCHANGE retikkel 4a-if som er ein lysande ring i tillegg til lysprikk i siktepunktet, og teknikken er slik at ein kan slå av lyset i ringen når lysbryter står i dag eller natt posisjon ved å trykke ned + og – knappar samtidig i tre sekund. Dermed er det bare lys i siktepunkt, ikkje i ring. Bruk motsett prosedyre for å slå på lys i ringen.

<b>SWAROVSKI Z8i: </b>Det er enkelt å ta av og på ballistikktårnet.
SWAROVSKI Z8i: Det er enkelt å ta av og på ballistikktårnet. Foto: Jørund Lien

Velg ballistikktårn

Til tross for at valgbar lysring sikkert er moderne og fancy, er det likevel så at når Z8i 1,7-13,3x42 kostar kroner 23500 med vanleg retikkellys og 25800 med FLEXCHANGE ville i alle fall eg kjøpt siktet utan lysring, og heller bruke pengane på BTF ballistikktårn. Etter ein heil del bruk av Z8 1,7-13,3x42 FLEXCHANGE på jakt er mitt syn at denne lysringen er meir eit forstyrrande element enn fordel, derimot er BTF eit av dei beste og mest praktiske ballistikktårn eg har prøva.

Å kunne ta tårnet av og på etter behov, og ikkje minst at det er så enkelt å ta av tårnet for skyte inn siktet med ny patron og så sette BTF på plass i nullstilling med ringar rett justert for ny kulebane er svært praktisk. Ingen andre sikte har tilsvarande løysing på ballistikktårn.

Parallaksejustering

Som vanleg på kostbare kikkertsikte med høg forstørring er Z8 1,7-13,3 utstyrt med parallaksejustering. Om dette er fordel eller ulempe for jegeren som ikkje er spesielt optisk og teknisk interessert kan diskuterast, men når det er eit temmeleg tydeleg knepp for nullstilling på 100 meter er det enkelt nok å la parallaksejusteringa stå i fred ujustera og ikkje bry seg meir med den.

DETALJER: Swarovski Z8i 1,7-13,3x42 på nært hold.
DETALJER: Swarovski Z8i 1,7-13,3x42 på nært hold. Foto: Jørund Lien

Alternative kikkertsikter

I det heile er det svært få andre storviltsikte som kan samanliknast med Swarovski Z8 1,7-13,3x42 i optikk, forstørringsområde, synsfelt og tekniske løysingar.

Zeiss V8 1,8-14x50 er eitt av få, og einaste i same klasse med 8x zoomområde. Pris og optikk er temmeleg lik, med 50 mm objektiv er nok Zeissen endå litt betre i dårleg lys, men V8’en er litt større og tyngre med 36 mm mellomrør og vekt på 680 g.

FAKTA: Swarovski Z8i 1,7-13, 3x42

Importør: Swarovski Optik Nordic AB tlf 26677710
Pris: Frå kroner 21900 til kroner 25800 med FLEXCHANGE, pris BTF kroner 2190.
Vekt:620 g Lengde 336 mm
Synsfelt: På 100 meter frå 25,2 til 3,1 m
Augeavstand: 95 mm
Lysgjennomgang: 93%
Parallaksejustering: På venstre side
Maks høgdejustering 100 m: 1,5 m
Retikkellys for skumring med justering: Frå 0-32, dagslys 33-64
Batterilevetid innstilt på skumring og middels styrke: 1400 timar, for dagslys med middels styrke 180 timar

Eit anna sikte i omtrent same bruksområde kan vere Swarovski Z6 2-12x50 med vekt på 550 g, synsfelt frå 21 til 3,5 m på 100 meter, og pris frå kroner 20300. Men Z6 har ikkje ballistikktårn som er enkelt å ta av/på, tårnet er nok heller ikkje like robust som BTF. For jakt i dårleg lys har Z6 2-12x50 større objektiv, men med litt dårlegare lysgjennomgang går reell lysstyrke omtrent opp i opp. Dei einaste fordelar Z6 2-12x50 har framfor Z8 1,7-13,3x42 er vekt og pris, men eg ville likevel heller hatt Z8 1,7-13,3x42. Med Z8 1,7-13,3x42 får den som er villig til å betale prisen eitt av dei aller beste storviltsikte.

Med liten nok forstørring og stort nok synsfelt til kjappe skot på drivjakt, og stor nok forstørring til så lange skot på hjortejakt og i bukkejakta som skytter og utstyr er i stand til å klare. Og sjølv om 42 mm objektiv ikkje ser spesielt imponerande ut, er likevel Z8 1,7-13,3 eit dugande sikte i dårleg lys. Noko det har visa både på dåhjortjakt i Sverige, revejakt og beverjakt her i landet.

Konklusjon

Jegeren som vil ha eit universalsikte til det meste av storviltjakt kan trygt velje Swarovski Z8 1,7-13,3x42. Få om nokon andre kikkertsikte er betre, Z8 1,7-13,3x42 er eitt klart og skarpt 10 poengs sikte!

VÅR VURDERING

PLUSS: Optikk, synsfelt, størrelse, ballistikktårn
MINUS: Pris, vekt

Karakter: 10 av 10